Matfilosofi

Kortreist matglede

Ellevilt er lidenskap og matglede. Det er ingrediensar som skapar kvalitet på sluttresultatet. Når vi snakkar om kvalitet, meiner vi kvalitet heile vegen. Dyra skal ha gode forhold, kjøtet skal vere rett mørna og råvarene skal vere behandla riktig.

For å gje deg denne kvaliteten, er vi oppteken av kvar råvarene kjem frå. Kanskje du får vite kvar sauen har beita? Vi lyftar fram norske produsentar og tradisjonell tilverknad. Slik kan vi fortelje deg historia frå råvare til sluttprodukt.

Kvalitetsmat kjem i mange variantar, alt etter årstid og tilgjengelegheit. Hjå oss er varene alltid ferske og matsvinnet lågt.

Ønskjer du å førebu maten sjølv, får du råvarer og inspirasjon i butikken. Ønskjer du ferdig lunsj eller middag, får du kjøpt det i butikken. Ønskjer du å invitere familie og venner med på eit festmåltid, hjelper vi deg med det òg.

Me er rett og slett gode på ønskjer - og mat ;-)