Ellevilt vil bli kjent med deg!

Ellevilt kjøt fisk og vilt AS held til i sentrum av fjordbygda Sogndal. Her har me butikk med eigen og anna lokalmat, kjøken, samt cateringverksemd og eventleveransar. Me i Ellevilt brenn for kvalitet og tradisjonar. Ved å handplukka råvarer frå småskalaprodusentar, veit me i større grad kvar dyra kjem frå og kva dei har ete. Me er oppteken av å utnytta heile dyret og ønskjer eit berekraftig konsept. Difor trur me på smart utval av råvarer og inspirerande matrettar. 

Me har posisjon i bygda som den beste butikken på spennande og kortreist lokalmat. Me er alltid på jakt etter å utvida laget, konseptet og maten! Kanskje du er rett for oss?

Ta ein prat med oss?

Ring eller stikk innom oss.

Kontakt; Bernt Aleksander Elle (dagleg leiar) på telefon 95281067 eller kom innom i Fjørevegen 12 !