ELLEVILT

Me brenn for kvalitet og tradisjonar

Går du inn døra hjå Ellevilt kjøt, fisk og vilt finn du eit nøye og smart utval av råvarer, inspirerande matrettar og ei god cateringverksemd.

Me ynskjer å spreie god kvalitet og matglede. Ved å handplukka råvarer frå småskalaprodusentar, veit me i større grad kvar dyra kjem frå og kva dei har ete. Me er oppteken av å utnytta heile dyret og ønskjer eit berekraftig konsept - på den måten tek me og vare på miljøet.

Butikken har ope onsdag-fredag 10:00 - 17:00

Velkomen!

 

Gjer det enkelt og godt - bestill heim!

  • Bestill Ellevill lunsj

    Me har ferske lunsj- og middagsrettar til sals i butikken vår kvar dag - og med leverer gjerne til bedrifta di.

    Tilbodet i butikken vil variere etter tilgang på råvarer og sesong, då vi har fokus på kvalitet og matsvinn.

  • Ellevilt tapas

    Ellevill Tapas & Koldtbord

    Me er oppteken av fantasiske smaksopplevingar og plukkar råvarer til tapas med omhug.

    Til våre koldtbord kan du velja ein eller fleire varmrettar om du ønskjer dette.

  • Elleville Gryter

    Vil du by folk på ei smaksrik gryte eller halde selskap med nydelige, ferdige retter leverer vi til deg.

    Til våre gryte- og selskapsmenyar kan du velja ein eller fleire varmrettar om du ønskjer dette.

  • Grillmeny Ellevilt

    Ellevill Grillmeny

    Alle elsker grillmat. Me lagar til alt og behandlar ein del av kjøtprodukta på forhand - det er berre å tenne på grillen og dekke bordet.

    Om du ynskjer å få maten ferdig grilla av ein proff kjem me gjerne og grillar til deg.

 
 

Fredag - den beste dagen i Elleviltbutikken!

Kvar fredag kan du nyte fersk bakst om du tar ein tur innom butikken. Store, mjuke og velsmakande skillingsbollar, skolebollar med meir.

I tillegg kan du prøve vår populære Ellevilt Pulled Pork wrap - ein hit bland dei lokale i bygda. Ta turen innom ein fredag - og gå inn i helga med noko ekstra godt!

 

Bryllaup & Arrangement

Me levererer komplette menyar for bryllaup og arrangement. Me legg stoltheit og ære i å levere kortreist kvalitetsmat.

Få ein profesjonell kokk heim

Inviter gode venner heim og la ein profesjonell kokk stå for matlaginga!