Nokre få ord om oss

Ellevilt er lideskap og matglede, ingrediensar som skapar kvalitet. Når vi snakkar om kvalitet, meiner vi kvalitet heile vegen. Dyra skal ha gode forhold, kjøtet skal vere rett mørna og råvarene skal vere behandla riktig.

For å gje deg denne kvaliteten, er vi oppteken av kvar råvarene kjem frå. Kanskje du får vite kvar sauen har beita? Vi lyftar fram norske produsentar og tradisjonell tilverknad. Slik kan vi fortelje deg historia frå råvare til sluttprodukt.

Kvalitetsmat kjem i mange variantar, alt etter årstid og tilgjengelegheit. Hjå oss er varene alltid ferske og matsvinnet lågt. Ønskjer du å førebu maten sjølv, får du råvarer og inspirasjon i butikken. Ønskjer du ferdig lunsj eller middag, får du kjøpt det i butikken. Ønskjer du å invitere familie og venner med på eit festmåltid, hjelper vi deg med det òg.

Butikken i Sogndal vart opna hausten 2018, for å gjere vår matglede meir tilgjengeleg for deg. Vi har drive med catering sidan 2008, og fortset sjølvklart med det. Det betyr at vi tek på oss grilling hjå kunden, levering av mat, skreddarsyr pakkar og lagar meir enn gjerne mat heime hjå deg.

Kom gjerne innom

FAGFOLK

Bernt Aleksander Elle

Har fagbrev som kokk og utdanning innan bakarfaget og tradisjonsmat. Han har jobba med mat og råvarer i over 19 år. Bernt Aleksander er eldsjela bak Ellevilt og butikken i Fjøra. Drivkrafta bak er moglegheita til å gje kunden ekstra god kvalitet, anten det er råvarer eller ferdig mat.

Sissel Ailin Rimestad

Har fagbrev som konditor og mesterbrev som kokk. Med lang fartstid i hotell- og restaurantbransjen, trivst Sissel Ailin i travle miljø. Ho er ekstra glad i større selskap og nytter kvar anledning til å teste ut nye smakskombinasjonar, både søtt og salt. Fokuset er alltid å få fram lokale råvarer og lyfta fram norske produsentar.

Jo Bukve

Er utdanna innan transport, økonomi og administrasjon. Han har god erfaring med sal og service, og er gull verdt for oss i Ellevilt. Jo er, som resten av oss, oppteken av kvalitet. Han tenkjer kvalitet i levering av tenester, produkt og råstoff. Og sjølvsagd er han glad i spennande smakar og god mat.

Anne Sandvik Steig

Har 16 års erfaring som butikksjef i daglegvarehandel, i tillegg til fagbrev som kokk i hotell- og restaurantfaget. Dette gjer teamet vårt komplett. Anne brenn for gode smakar, god kvalitet og god service.